10. mars - 31. mai på HORDAMUSEET

 

BOSNIA

Ein islamsk kulturarv i Europa

 

Sundag 10. mars er første opningsdag for den flotte vandreutstillinga "Bosnia - Ein islamsk kulturarv i Europa", som skal stå på Hordamuseet fram til 31. mai.

Tekstboks:

Tekstboks:  Utstillinga viser eit stort utval bosniske kulturskattar frå 17- og 1800-talet, då Bosnia-Hercegovina var under tyrkisk-ottomansk herredømme: drakter, teppe, smykke, metallarbeid, keramikk og trearbeid. Dei syner ein islamsk kulturarv i hjartet av Europa, ein smeltedigel av austleg og vestleg tradisjon, som få i vår del av Europa hadde kjennskap til før dei sydande konfliktane på Balkan eksploderte. Dette er ikkje berre ei utstilling av vakkert og eksotisk kunsthandverk, men ei påminning om kva som kan gå tapt når kulturarven kjem i skotlina.

 

Tekstboks:  Nasjonalmuseet i Sarajevo fekk hard medfart under kampane i 1992-1995, og personalet gjorde ein stor innsats for å berge dei bosniske kulturskattane gjennom krigen. Utstillinga har sin bakgrunn i hjelpearbeidet norske og svenske styresmaktar og musé sette i verk for å bøte på øydeleggingane Nasjonalmuseet vart utsett for i krigsåra. Dette hjelpearbeidet førte til eit samarbeid mellom Medelhavsmuseet i Stockholm og Nasjonalmuseet i Sarajevo, som munna ut i vandreutstillinga som no skal visast på Hordamuseet.

 

Tekstboks:  Vi voner utstillinga kan vere med på å få fram det etniske og kulturelle mangfaldet både i Europa og innan den islamske verda. Møtet mellom europeisk og islamsk kultur er ikkje noko som berre høyrer vår moderne tid til. Europa har òg ein gamal islamsk kulturarv. Hordamuseet er glad for å kunne syne fram bosniske kulturskattar – til glede og ettertanke.

 

Tekstboks: HORDAMUSEET

Hordnesvegen 24, 5244 FANA

Telefon: 55 11 29 00 • Faks: 55 11 29 01

E-post: post@horda.museum.no

www.museumsnett.no/hordamuseet/





Tekstboks: