Radio Bergen - info                      Siste Nytt  
Agenda
Portal
Norge år 2000
Norge i Strasbourg
RB International
Hva er Krig?
International Main Page
Internasjonal
Norsk Hovedside
Nasjonal

 

Hordamuseet si heimeside


Billedgalleri

Friluftsgleder i sort hvitt Kulturarven fra Bosnia Steinaldersundag Jernaldersundag (pdf)
Vestlandsbåtar (pdf) Vestlandbåtar (html) Kystsogevekene (pdf) Jernaldersundag (html)
 

Sommarutstilling av tradisjonelle bruksbåtar på Hordamuseet

 
Sommarutstillinga på Hordamuseet, Vestlandsbåtar - arven frå vikingane, tek for seg dei tradisjonelle bruksbåtane på Vestlandet, som har aner attende til vikingtida. Båtane som er utstilt er frå Hordamuseet si eiga samling, ei av dei største båtsamlingane i landet. Utstillinga vil vere ope for vanleg publikum i tidsrommet 28. juni - 15. september.

Sommarutstillinga 2002 på Hordamuseet syner eit utval av båtar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Båtane tilhøyrer museet si unike samling av tradisjonelle bruksbåtar. Båtsamlinga er i stor grad eit resultat av Bernhard Færøyvik sitt omfattande registreringsarbeid av norske bruksbåtar. Færøyvik hjelpte Johannes Revheim med å skipa Hordaland Landbruksmuseum, som i dag heiter Hordamuseet, og la fram planar for ei sjøbruksavdeling der bruksbåtar var ein sentral del. Takka vere dette arbeidet sit Hordamuseet i dag på ei av dei finaste samlingane av tradisjonelle bruksbåtar i landet, med båtar av til dels svært høg kulturhistorisk verdi.

Vi kan følgje dei tradisjonelle båttypane på Vestlandet over eit hav av tid – heilt attende til vikingtida. Det er påfallande kor lite vestlandsbåtane har endra seg på over 1000 år, eit døme på kor godt dei var tilpassa sitt bruksområde, og ikkje minst kor sterke tradisjonar som har vore knytt både til bygginga og bruken av dei. Det var båten som batt saman kyst- og fjordstroka i eldre tid, og havet sytte vel så godt for mange vestlandsbønder som dei knappe og tungdrive jordteigane. På Vestlandet vert det framleis bygd tradisjonelle bruksbåtar, sjølv om dei no mest er til fritidsbruk, og arva frå vikingane er stadig å sjå langsetter kysten eller på fjordane for årar eller segl.

Download Acrobat Reader here