Nytt frå Hordamuseet:

 

Vestlandsbåtar
Arven frå vikingane

 
 

HORDAMUSEET
Sommarutstillinga 2002

  Etter foto av Bertil Quirin.

28. juni - 15. september

Sommarutstillinga 2002 på Hordamuseet syner eit utval av båtar frå Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Båtane tilhøyrer museet si unike samling av tradisjonelle bruksbåtar. Båtsamlinga er i stor grad eit resultat av Bernhard Færøyvik sitt omfattande registreringsarbeid av norske bruksbåtar. Færøyvik hjelpte Johannes Revheim med å skipa Hordaland Landbruksmuseum, som i dag heiter Hordamuseet, og la fram planar for ei sjøbruksavdeling der bruksbåtar var ein sentral del. Takka vere dette arbeidet sit Hordamuseet i dag på ei av dei finaste samlingane av tradisjonelle bruksbåtar i landet, med båtar av til dels svært høg kulturhistorisk verdi.

Vi kan følgje dei tradisjonelle båttypane på Vestlandet over eit hav av tid - heilt attende til vikingtida. Det er påfallande kor lite vestlandsbåtane har endra seg på over 1000 år, eit døme på kor godt dei var tilpassa sitt bruksområde, og ikkje minst kor sterke tradisjonar som har vore knytt både til bygginga og bruken av dei. Det var båten som batt saman kyst- og fjordstroka i eldre tid, og havet sytte vel så godt for mange vestlandsbønder som dei knappe og tungdrive jordteigane.

På Vestlandet vert det framleis bygd tradisjonelle bruksbåtar, sjølv om dei no mest er til fritidsbruk, og arva frå vikingane er stadig å sjå langsetter kysten eller på fjordane for årar eller segl.