|
|
17. februar - 21. april på HORDAMUSEET |
|
|
"Friluftsgleder i svart og hvitt" |
Anders Beer Wilse 1865-1949
Anders Beer
Wilse (1865-1949), som arbeidde i fyrste halvdel av 1900-talet, var den førande
fotografen i Noreg i si samtid, og ein av dei mest markante norske fotografane
nokon sinne. Den enorme biletsamlinga etter Wilse, meir enn 200.000 foto, er den
mest nytta i landet. Hordamuseet kan no syne fram 29 av Wilse sine klassikarar,
ei utstilling som er produsert av Skimuseet i Holmenkollen.
![]() |
Friluftsfotografen Wilse fanga den norske folkesjela gjennom eit halvt hundreår. Han var med på å skape myten om folket som er født med ski på beina, og som nyttar fritida til å lange ut i skog og mark og på fjellet. Wilse reiste Noreg på kryss og tvers for å ta bilete av nordmenn i fri utfolding i vakker norsk natur, særleg i vinterlandskap. Han var ikkje oppteken av det storslagne, men av det nære, sjølve gleda ved å oppsøkje naturen. Mange av hans bilete var mynta på turistar og reiselivsnæringa, som reklame for å trekkje turistar til den unge nasjonen Noreg. Bileta til Wilse har vore viktige i oppbygginga av vårt nasjonale sjølvbilete og det biletet utlandet har av oss i fjord- og fjellriket her nord i Europa. |

Mange av friluftsbileta ligg portrettfotoet nært. Wilse tok òg portrett av kjendisane i samtida. Utstillinga syner mellom anna uttrykksfulle portrett av nasjonalheltane Amundsen og Nansen, dei litterære kjempene Ibsen, Bjørnson, Hamsun og Undset, komponisten Grieg og målaren Thaulow.
|
|
Wilse hadde eit sterkt band til den norske kongefamilien. Han tok dei offisielle bileta av kongefamilien i 1905, og dekka den minnerike tida frå eidsavlegginga til kroninga. I åra framover tok Wilse mengder av bilete av kongefamilien, både til offentleg og privat bruk. Han var mest for "hoffotograf" å rekne. I utstillinga er det fleire fritidsbilete av kongefamilien, som Wilse ville trekkje fram som symbol for norsk friluftsliv. |
|